Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 39:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn verta vanæra. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, den heilage i Israel.

8. Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Det er den dagen eg har tala om.

9. Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år.

10. Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud.

11. Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal».

12. I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa.

13. Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 39