Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 39:11-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal».

12. I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa.

13. Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud.

14. Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter.

15. Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal».

16. Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet.

17. Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod,

18. eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle.

19. Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk.

20. Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud.

21. Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei.

22. Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid.

23. Og folka skal skjøna at israelittane vart bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd.

24. På grunn av deira ureinskap og deira brot gjorde eg dette med dei; og eg løynde andletet for dei.

25. Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels-ætta. Eg brenn av iver for mitt heilage namn.

Les hele kapitlet Esekiel 39