Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 39:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal.

2. Eg fører deg ikring og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og leier deg mot Israels-fjella.

3. Der slår eg bogen ut or venstre handa di og lèt pilene detta ut or den høgre.

4. På Israels-fjella skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slag rovfuglar og for dyra på marka.

Les hele kapitlet Esekiel 39