Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 36:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Du menneske, tal profetord mot Israels-fjella og sei: Høyr Herrens ord, de Israels-fjell!

2. Så seier Herren Gud: Fienden har ropa spottord mot dykk og sagt: «Dei gamle haugane har vorte vår eigedom.»

3. Difor skal du tala profetisk: Så seier Herren Gud: Fordi dei øydela og sette feller for dykk på alle kantar, så de har vorte ein eigedom for andre folkeslag, ja, fordi de er komne på folkemunne og har fått uord på dykk mellom folka,

4. difor, de Israels-fjell, høyr Herrens ord!Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane, til røysane på dei aude tuftene og til dei folketome byane, som har vorte røva og spotta av dei andre folka rundt ikring,

5. ja, så seier Herren Gud: Sanneleg, eg talar i min brennande, glødande iver mot dei andre folkeslaga og mot alle edomittane. Med stor glede og djup vanvørdnad gjorde dei landet mitt til sin eigedom, så dei kunne driva ut folket og plyndra det.

6. Difor skal du tala profetord om Israels jord og seia til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Så seier Herren Gud: Sjå, eg talar i min brennande iver og harme, fordi de må tola andre folks spott.

7. Difor seier Herren Gud: Eg lyfter mi hand og lovar at dei folka som bur ikring dykk, skal bera si vanære.

8. Men de, Israels-fjell, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart.

9. Sjå, eg kjem til dykk og vender meg til dykk; no skal de verta dyrka og tilsådde.

10. Eg lèt det verta folksamt på dykk når heile Israels-ætta kjem. I byane skal det bu folk, og det som ligg i røys, skal byggjast opp att.

11. Eg lèt både folk og fe aukast hjå dykk. Dei skal veksa og aukast. Eg lèt det bu folk hjå dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn i den fyrste tid. Då skal de sanna at eg er Herren.

12. Eg lèt menneske, mitt folk Israel, ferdast over dykk. Dei skal leggja deg, land, under seg, så du vert deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause.

13. Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk.

14. Difor seier Herren Gud: Du skal ikkje eta menneske meir og ikkje ta borna frå folket ditt.

Les hele kapitlet Esekiel 36