Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34:3-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Mjølka brukar de til mat, ulla tek de til klede, og gjøfeet slaktar de; men sauene gjæter de ikkje.

4. De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt.

5. Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr.

6. Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei.

7. Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord!

8. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine.

9. Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!

10. Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde.

11. Så seier Herren Gud: Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ha tilsyn med dei.

12. Liksom ein gjætar er mellom sauene og tek seg av dei den dagen dei vert spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til den mørke og skytunge dagen då dei vart spreidde.

13. Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella, i dalane og kvar dei elles bur i landet.

14. På gode beitemarker vil eg gjæta dei; på Israels høge fjell skal dei ha sin hamnegang. Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg på grøne vollar og gå på feite beite.

15. Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud.

16. Dei bortkomne vil eg leita opp, og dei som er drivne frå kvarandre, vil eg samla. Dei skadde vil eg binda om, og dei sjuke vil eg styrkja. Dei feite og sterke vil eg vakta og gjæta på rett vis.

17. De som høyrer flokken min til, seier Herren Gud, no vil eg skifta rett mellom sauene og mellom verar og bukkar.

18. Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned det som står att i beitemarka dykkar? Og er det ikkje nok at de får drikka det klåre vatnet, om de ikkje skal grumsa til resten med føtene?

19. Skal sauene mine eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, eg vil skifta rett mellom dei feite og dei magre sauene.

21. Sidan de trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna, til de får spreitt dei og drive dei ut,

22. så vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje meir verta til rov. Såleis vil eg skifta rett mellom dei.

Les hele kapitlet Esekiel 34