Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34:26-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Eg lèt både dei og landet ikring min haug, verta velsigna. Eg sender regn i rett tid, regn som vert til velsigning.

27. Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i landet. Dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og bergar dei frå folk som held dei i trældom.

28. Dei skal ikkje lenger verta eit bytte for folka, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skræma dei.

29. Då steller eg til ein hage som vert til berging for dei. No skal ingen i landet rivast bort av svolt, og dei skal aldri meir måtta tola spott frå dei andre folka.

30. Då skal dei sanna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israel, seier Herren Gud.

31. De, sauene mine, flokken som eg gjæter, de er berre menneske, men eg er dykkar Gud, lyder ordet frå Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 34