Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34:19-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Skal sauene mine eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, eg vil skifta rett mellom dei feite og dei magre sauene.

21. Sidan de trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna, til de får spreitt dei og drive dei ut,

22. så vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje meir verta til rov. Såleis vil eg skifta rett mellom dei.

23. Eg vil setja éin hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei. Han skal gjæta dei og vera hyrdingen deira.

24. Eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.

25. Så gjer eg ei fredspakt med dei. Eg rydjar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i øydemarka og sova i skogane.

26. Eg lèt både dei og landet ikring min haug, verta velsigna. Eg sender regn i rett tid, regn som vert til velsigning.

27. Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i landet. Dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og bergar dei frå folk som held dei i trældom.

28. Dei skal ikkje lenger verta eit bytte for folka, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skræma dei.

29. Då steller eg til ein hage som vert til berging for dei. No skal ingen i landet rivast bort av svolt, og dei skal aldri meir måtta tola spott frå dei andre folka.

Les hele kapitlet Esekiel 34