Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal profetord mot Israels hyrdingar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Ve Israels hyrdingar, som berre syter for seg sjølve! Er det ikkje saueflokken dei skal syta for?

3. Mjølka brukar de til mat, ulla tek de til klede, og gjøfeet slaktar de; men sauene gjæter de ikkje.

4. De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt.

5. Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr.

6. Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei.

7. Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord!

8. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine.

9. Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!

10. Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde.

Les hele kapitlet Esekiel 34