Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 32:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tolvte året, den fyrste dagen i den tolvte månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2. Menneske, set i med ein klagesong over farao, kongen i Egypt, og sei til han: Tagal har du vorte, ¬du løve mellom folka.Du var som eit sjøuhyre ¬i havet,frøsande fór du i elvane dine.Du grumsa til vatnet ¬med føteneog rota opp gjørme i elvane.

3. Så seier Herren Gud:No breier eg garnet mitt ¬over degmedan mange folk er samla,og dei skal dra deg opp ¬med nota.

4. Eg slengjer deg opp på landog kastar deg ut over marka.Eg lèt alle slag fuglar ¬slå seg ned på deg,alle dyr på jorda ¬metta seg av deg.

5. Eg legg kjøtet ditt på fjellaog fyller dalane ¬med kroppen din.

6. Så vatnar eg jorda ¬med væska frå deg,med blodet som renn på fjella,og fyller bekkefara.

7. Når eg lèt deg slokna, ¬dekkjer eg himmelen,og stjernene kler eg i svart.Over sola breier eg skyer,og månen skin ikkje meir.

8. Kvart ljos ¬som lyser på himmelen,lèt eg svartna for di skuld;eg sender mørker over landet,lyder ordet frå Herren Gud.

9. Eg gjer mange folk urolegenår eg tek fangar hjå degog fører dei ut ¬mellom folkeslaga,til land du ikkje kjenner.

10. Eg lèt mange folk ¬verta skræmde over deg,kongane deira skal fælanår eg svingar sverdet ¬framfor dei.Kvar augneblink ¬skal dei skjelvafor sitt liv den dagen du fell.

Les hele kapitlet Esekiel 32