Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 29:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. For Israels ætt ¬skal dei aldri meirvera ei livd som minner megom den synd dei gjernår dei fylgjer Egypt.Dei skal sanna ¬at eg er Herren Gud.

17. I det tjuesjuande året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

18. Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babylonia, har late hæren sin streva hardt mot Tyrus. Kvart hovud er skallet, og skinnet er avslite på kvar aksel. Men korkje han eller hæren hans har fått løn av Tyrus for alt sitt strev.

19. Difor seier Herren Gud så: Sjå, no gjev eg Egypt til babylonarkongen Nebukadnesar. Han skal føra bort rikdomen der, røva og rana og ta hærfang, og det skal hæren hans ha i løn.

20. Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg, lyder ordet frå Herren Gud.

21. Den dagen lèt eg eit horn veksa fram for Israels-ætta. Og eg lèt deg opna munnen midt imellom dei. Då skal dei sanna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 29