Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 29:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tiande året, den tolvte dagen i den tiande månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2. Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og mot heile Egypt

3. og sei: Så seier Herren Gud:No kjem eg imot deg,farao, konge over Egypt,du store sjøuhyresom ligg midt i elvane dine,du som seier: «Nilen er min,det er eg som har skapt han.»

4. Eg set krokar i dine kjakarog lèt all fisken i Nilenhanga fast i dine skjel.Så dreg eg deg opp or Nilensaman med all fisken i elvasom heng fast i dine skjel.

5. Eg kastar deg ut i øydemarkamed all den fisken ¬som var i Nilen.Der vert du liggjande ¬på marka;du skal aldri samlast ¬eller sankast meir.Eg gjev deg til føde for dyra ¬på markaog for fuglane ¬under himmelen.

6. Då skal alle som bur i Egypt,sanna at eg er Herren.Du har vore ei støtte av sev ¬for Israel,

Les hele kapitlet Esekiel 29