Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 29:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tiande året, den tolvte dagen i den tiande månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2. Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og mot heile Egypt

3. og sei: Så seier Herren Gud:No kjem eg imot deg,farao, konge over Egypt,du store sjøuhyresom ligg midt i elvane dine,du som seier: «Nilen er min,det er eg som har skapt han.»

4. Eg set krokar i dine kjakarog lèt all fisken i Nilenhanga fast i dine skjel.Så dreg eg deg opp or Nilensaman med all fisken i elvasom heng fast i dine skjel.

5. Eg kastar deg ut i øydemarkamed all den fisken ¬som var i Nilen.Der vert du liggjande ¬på marka;du skal aldri samlast ¬eller sankast meir.Eg gjev deg til føde for dyra ¬på markaog for fuglane ¬under himmelen.

6. Då skal alle som bur i Egypt,sanna at eg er Herren.Du har vore ei støtte av sev ¬for Israel,

7. difor vert du knekt ¬når dei tek deg i handa,men du kløyver handa ¬på dei alle.Når dei stør seg på deg, ¬bryt du saman,men du får alle hofter ¬til å skjelva.

8. Difor seier Herren Gud:Sjå, no sender eg sverd ¬imot degog rydjar ut både folk og fe.

9. Egypt skal verta audn ¬og øydemark,og folket skal sanna ¬at eg er Herren.Fordi du har sagt: ¬«Nilen er min,det er eg som har skapt han,»

10. difor går eg mot ¬både deg og Nilenog gjer Egypt til audn ¬og øydemark,uhyggjeleg aud ¬frå Migdol til Syene,ja, til grensa mot Nubia.

11. Der skal ikkje eit menneske ¬setja sin fot,ikkje eit dyr skal fara ikring;landet skal liggja ubygt ¬i førti år.

Les hele kapitlet Esekiel 29