Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 25:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. difor retter eg ut handa mot deg og gjev deg til bytte for andre folk. Eg rydjar deg ut or folka, driv deg bort frå landa og gjer ende på deg. Då skal du sanna at eg er Herren.

8. Så seier Herren Gud: Moab og Se’ir sa: «Sjå, det har gått med Juda som med alle andre folk.»

9. Difor legg eg Moabs bergskråning open, så byane der, frå grensa av, går tapt, dei byane som er ein prydnad for folket: Bet-Jesjimot, Ba’al-Meon og Kirjatajim.

10. Eg gjev dei over til austmennene, så dei kan ta dei i eige, såleis som eg gjer med ammonittane, så dei ikkje skal nemnast mellom folka meir.

11. Over Moab vil eg òg halda dom, og då skal dei sanna at eg er Herren.

12. Så seier Herren Gud: Fordi Edom tok hemn over Juda-ætta og med hemnen førte skuld over seg,

13. difor seier Herren Gud: Eg vil retta ut handa mot Edom, rydja ut folk og fe or landet og gjera det audt. Frå Teman til Dedan skal dei falla for sverd.

14. Eg vil la Israel, folket mitt, fullføra hemnen over Edom. Dei skal fara åt med Edom så som min vreide og harme krev, og dei skal få kjenna min hemn, seier Herren Gud.

15. Så seier Herren Gud: Fordi filistarane tok hemn, ja hemnde seg med vanvørdnad i si sjel og herja og øydde på grunn av gamal fiendskap,

16. difor seier Herren Gud: Eg retter ut handa mot filistarane; eg rydjar ut kretarane og gjer ende på resten av dei som bur utmed havet.

Les hele kapitlet Esekiel 25