Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 25:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei!

3. Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud: Så seier Herren Gud: Fordi du ropa spottord over heilagdomen min då han vart vanhelga, over Israels land då det vart lagt i øyde, og over Juda-ætta då ho laut fara i fangenskap,

4. sjå, difor gjev eg deg over til austmennene, så dei kan ta deg i eige. Dei skal slå opp sine teltleirar i landet ditt og setja opp sine bustader der. Dei skal eta frukta di og drikka mjølka di.

5. Eg gjer Rabba til beitemark for kamelar, ammonittlandet til kvilestad for småfe. Då skal de sanna at eg er Herren.

6. Ja, så seier Herren Gud: Fordi du klappa i hendene, trappa med føtene og gledde deg over Israels land, med djup vanvørdnad i di sjel,

7. difor retter eg ut handa mot deg og gjev deg til bytte for andre folk. Eg rydjar deg ut or folka, driv deg bort frå landa og gjer ende på deg. Då skal du sanna at eg er Herren.

8. Så seier Herren Gud: Moab og Se’ir sa: «Sjå, det har gått med Juda som med alle andre folk.»

9. Difor legg eg Moabs bergskråning open, så byane der, frå grensa av, går tapt, dei byane som er ein prydnad for folket: Bet-Jesjimot, Ba’al-Meon og Kirjatajim.

10. Eg gjev dei over til austmennene, så dei kan ta dei i eige, såleis som eg gjer med ammonittane, så dei ikkje skal nemnast mellom folka meir.

11. Over Moab vil eg òg halda dom, og då skal dei sanna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 25