Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 24:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Ta av dei finaste sauene!Gjer så opp eld under gryta!Du skal koka kjøtstykka ¬i henne,jamvel knokane skal du koka.

6. Så seier Herren Gud:Ve den blodige byen,gryta som har rusta,og som rustet ikkje går av.Ta stykke for stykke ¬ut or henne,utan at nokon kastar lodd ¬om dei.

7. For det vart utrent blod ¬der i byen.Dei lét det renna ¬på nakne bergetog slo det ikkje ut på bakken,så molda kunne dekkja det.

8. For å gje harmen fritt løp,for å kunna ta hemnlét eg blodet renna ¬på nakne berget,så det ikkje skulle dekkjast til.

9. Difor seier Herren Gud:Ve den blodige byen!Eg òg gjer bålet stort.

10. Ta mykje ved og kveik opp eld!Kok kjøtet møyrt, ¬og slå suppa ut,så beina vert brende.

11. Lat gryta stå tom på glørne,lat henne verta så varm ¬at koparen gløder.Så skal ureinskapen ¬smeltast ut or henneog rustet verta borte.

12. Det har kosta strev og møde.Men elden tek ikkje bort ¬alt rustet.

13. Fordi du vart urein ¬ved di skjemdarferd,og ikkje vart kvitt ¬din ureinskapendå eg ville reinsa deg,så skal du ikkje verta rein attfør eg får stilt min harme ¬på deg.

14. Eg, Herren, har tala, ¬og det skal henda;eg lèt ikkje vera å gjera det.Eg sparer ingen ¬og angrar ikkje.Etter di ferd og dine gjerningarskal dei døma deg,seier Herren Gud.

15. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

Les hele kapitlet Esekiel 24