Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 24:13-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Fordi du vart urein ¬ved di skjemdarferd,og ikkje vart kvitt ¬din ureinskapendå eg ville reinsa deg,så skal du ikkje verta rein attfør eg får stilt min harme ¬på deg.

14. Eg, Herren, har tala, ¬og det skal henda;eg lèt ikkje vera å gjera det.Eg sparer ingen ¬og angrar ikkje.Etter di ferd og dine gjerningarskal dei døma deg,seier Herren Gud.

15. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

16. Menneske, sjå, med ein brå død tek eg frå deg den som dine augo har hugnad i. Men du skal ikkje klaga og gråta og ikkje fella tårer.

17. Du skal berre sukka i stilla og ikkje halda syrgjehøgtid. Bind turbanen på deg og ta skor på føtene! Dekk ikkje til skjegget, og et ikkje syrgjebrød!

18. Om morgonen tala eg til folket, og om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var føresagd.

19. Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?»

20. Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

21. Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd.

22. Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød.

23. Bind turbanen om hovudet og ta skor på føtene! De må ikkje klaga og gråta. Men de skal visna bort i dykkar synder og stynja med kvarandre.

24. Esekiel skal vera eit teikn for dykk. Nett som han har gjort, skal de gjera. Når dette hender, skal de sanna at eg er Herren Gud.

25. Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det dei ser med glede, og det dei lengtar etter, sønene og døtrene deira,

26. den dagen skal dei som slepp unna, koma til deg og fortelja om det.

27. Den dagen, når flyktningane kjem, skal munnen din latast opp. Du skal ikkje lenger vera mållaus, men tala. Du skal vera eit teikn for dei, og dei skal sanna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 24