Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 23:5-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne,

6. statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest.

7. Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira.

8. Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne.

9. Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter.

10. Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne.

11. Det såg Oholiba, syster hennar. Likevel vart ho endå verre enn systera i sine lyster og sitt utuktige liv.

12. Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og styresmenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman.

13. Eg såg at ho òg vart urein; begge gjekk dei same vegen.

14. Men endå lenger dreiv ho si utukt. Ho fekk sjå nokre menn som var teikna på veggen, bilete av kaldearar, rita inn med raudt.

15. Dei hadde belte om hoftene og hue som hang ned over hovudet. Alle såg ut som stridsmenn på vogner. Såleis var biletet av babylonarane, dei som har Kaldea til heimland.

16. Då ho såg mennene, fekk ho lyst på dei og sende bod til Kaldea etter dei.

17. Babylonarane kom til henne på elskhugslega og gjorde henne urein med si utukt. Men då ho såleis hadde vorte urein, vart ho inderleg lei av dei.

18. Sidan ho dreiv si utukt så openbert og kledde seg naken, vart eg lei av henne, liksom eg før hadde vorte lei av syster hennar.

19. Men endå lenger dreiv ho si utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt.

20. No lengta ho etter horkarane der; dei hadde lem som esel og sæd som hestar.

21. Du tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde barmen din og tok på dei unge brysta dine.

22. Difor, Oholiba, seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du vart så inderleg lei av; eg lèt dei koma mot deg frå alle kantar:

23. babylonarane, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge menn, statthaldarar og styresmenn alle saman, stridsmenn på vogner og høgvørde menn, alle til hest.

24. Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Store skjold, små skjold og hjelmar retter dei mot deg frå alle kantar. Eg set dei til domarar, og dei skal døma deg etter sine lover.

Les hele kapitlet Esekiel 23