Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 23:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.

5. Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne,

6. statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest.

7. Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira.

8. Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne.

9. Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter.

10. Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne.

Les hele kapitlet Esekiel 23