Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 23:36-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Herren sa til meg: Menneske, vil du døma Ohola og Oholiba? Då skal du la dei få vita om all sin styggedom.

37. Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei dreiv hor med avgudane sine, og dei borna som dei hadde født åt meg, gav dei til føde for dei.

38. Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga kviledagane mine.

39. Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i min heilagdom og vanhelga han. Sjå, så bar dei seg åt i mitt hus!

40. Ja, dei sende til og med bod etter menn som skulle koma langt bortanfrå. Og då det vart sendt bod etter dei, kom dei som du hadde lauga og sminka og pynta deg for.

41. Du sat på ei briken lege. Eit bord stod duka framføre, og der hadde du sett fram den røykjelse og olje som eg skulle ha.

42. Der inne høyrdest lyden av ei sorglaus mengd. Og til den store mengda av menn kom drikkebrør som vart henta frå øydemarka. Dei gav systrene armband på hendene og eit staseleg diadem på hovudet.

Les hele kapitlet Esekiel 23