Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 22:28-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Profetane strauk kalk på veggene for dei. Dei hadde falske syner og spådde lygn, når dei sa: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje hadde tala.

29. Folket i landet gjorde vald og røva og rana. Dei var harde med armingar og fattigfolk, og i strid med lov og rett trælka dei innflyttarane.

30. Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta øydelagt. Men eg fann ingen.

31. Så lét eg min vreide gå ut over dei, gjorde ende på dei i min brennande harme. Eg lét dei få att for sine gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 22