Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 22:13-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. No slår eg hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning, og fordi du har rent ut blod.

14. Kan du halda motet oppe og ha styrke i hendene den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg skal setja det i verk.

15. Eg spreier deg mellom folkeslaga og strøyer deg ut i landa. Og eg friar deg heilt for ureinskapen din.

16. Beint for augo på folkeslag vert du vanæra for det du har gjort. Då skal du sanna at eg er Herren.

17. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

18. Menneske, for meg har israelittane vorte som slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som slagg mellom sølv har dei vorte.

19. Difor seier Herren Gud: Fordi de alle har vorte som slagg, vil eg samla dykk i Jerusalem.

20. Som ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så kveikjer opp eld og smeltar det, så vil eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk.

21. Når eg samlar dykk og lèt min vreideeld loga mot dykk, skal de smelta i den.

22. Som sølvet smeltar i omnen, så skal de òg smeltast. Då skal de sanna at eg, Herren, har late min vreide gå ut over dykk.

23. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

24. Menneske, sei til Juda: Du er eit land som ikkje vart reinsa og ikkje fekk regn på vreidedagen.

25. Leiarane dine likna brølande løver som reiv sund det dei hadde fanga. Dei slukte menneske, tok rikdom og dyre skattar og gjorde mange i landet til enkjer.

Les hele kapitlet Esekiel 22