Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 20:19-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Eg er Herren dykkar Gud. Fylg mine føreskrifter, ta vare på mine lover og lev etter dei!

20. Hald kviledagane mine heilage! Dei skal vera eit teikn på pakta mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.»

21. Men sønene var trassige mot meg. Dei fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, endå det mennesket som held dei, får leva; og kviledagane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei og stilla min vreide på dei i øydemarka.

22. Men eg heldt att mi straffande hand. Eg greip inn for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra mellom folka som hadde vore vitne til at eg førte israelittane ut.

23. Så lyfte eg handa der i øydemarka og lova at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strøya dei ut i landa.

24. For dei levde ikkje etter lovene mine, men vanvørde føreskriftene mine og vanhelga kviledagane mine, og augo deira hang ved avgudane åt fedrane.

25. Difor gav eg dei føreskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.

26. Eg lét dei verta ureine ved offergåvene sine, når dei lét alle dei fyrstefødde gå gjennom elden. Det gjorde eg for å setja støkk i dei, så dei skulle skjøna at eg er Herren.

27. Difor, menneske, skal du tala til Israels-ætta og seia til dei: Så seier Herren Gud: Fedrane dykkar spotta meg, trulause som dei var mot meg.

28. Eg førte dei likevel inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei såg ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine gåver, som vekte min harme. Dit kom dei med offer som anga godt, og der rende dei ut sine drikkoffer.

Les hele kapitlet Esekiel 20