Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 20:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det sjuande året, den tiande dagen i den femte månaden, kom nokre av dei eldste i Israel og ville spørja Herren til råds; dei sette seg framfor meg.

2. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

3. Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og vil spørja meg til råds? Så sant eg lever, eg lèt ikkje dykk spørja meg, lyder ordet frå Herren Gud.

4. Vil du døma dei, menneske? Ja, vil du døma, så lat dei få vita om all den styggedomen fedrane deira har gjort.

5. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Den gongen eg valde ut Israel, gav eg ein heilag lovnad til dei som var av Jakobs ætt. Eg gav meg til kjenne for dei i Egypt; eg lyfte mi hand og sa til dei: «Eg er Herren dykkar Gud.»

6. Den dagen lyfte eg handa og lova at eg ville føra dei ut or Egypt, til eit land som eg hadde sett ut åt dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.

7. Eg sa til dei: «De må kasta bort all den styggedomen som augo dykkar heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.»

8. Men dei var trassige mot meg og ville ikkje høyra på meg. Dei kasta ikkje bort all den styggedomen som augo deira hang ved, og vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei og stilla min vreide på dei der i Egypt.

9. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra for augo på dei folka som dei levde imellom. Dei hadde då vore vitne til at eg gav meg til kjenne for dei då eg lova å føra dei ut or Egypt.

10. Så lét eg dei fara frå Egypt og førte dei ut i øydemarka.

11. Eg gav dei mine føreskrifter og kunngjorde mine lover for dei. Det mennesket som held dei, skal leva.

12. Kviledagane mine gav eg dei òg; dei skulle vera teikn på pakta mellom meg og folket. Såleis skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.

Les hele kapitlet Esekiel 20