Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 17:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, set fram ei gåte for Israels-ætta, fortel dei ei likning

3. og sei: Så seier Herren Gud:Den store ørna ¬med store vengerog lange vengefjører,med tett og mangleta fjørham,kom til Libanon.Ho tok toppen av sederen,

4. braut av den øvste greina,førte henne til kræmarlandetog sette henne i handelsbyen.

5. Så tok ho ei plante ¬som voks i landet,og sette henne i god jord,planta henne som ei seljeein stad der det var rikeleg ¬med vatn.

6. Ho voks og vart til eit vintre,som var grønt, men lågt,så rankene bøygde seg ¬mot ørnaog røtene voks inn ¬under henne.Så vart ho til eit vintre ¬som fekk greinerog strekte ut sine kvister.

Les hele kapitlet Esekiel 17