Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:45-62 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

45. Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var ei hetittkvinne og far dykkar ein amoritt.

46. Den store syster di er Samaria, som bur med døtrene sine nord for deg. Og den vesle syster di er Sodoma, som bur med døtrene sine sør for deg.

47. Du bar deg ikkje åt berre som dei og fór med den same styggedomen, men etter ei kort tid bar du deg verre åt enn dei i alt du tok deg føre.

48. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde ikkje slikt som du og døtrene dine har gjort.

49. Sjå, hovmod er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i. Ho og døtrene hennar hadde rikeleg med brød og levde i fred og ro. Men ho sytte ikkje for dei ulukkelege og fattige.

50. Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.

51. Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har gjort styggare ting enn systrene dine, og med all din styggedom har du vist at dei er rettferdigare enn du.

52. Så må du òg ta vanæra på deg, du som med di eiga synd har gått god for systrene dine. Fordi du har gjort verre ting enn dei, er dei rettferdigare enn du. Så må du skjemmast og bera di vanære, sidan du har vist at systrene dine er rettferdigare.

53. Men eg vil venda lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vil eg venda lagnaden for deg.

54. Så skal du bera di vanære og skjemmast av alt du har gjort, og såleis vera til trøyst for dei.

55. Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal koma i same stilling som før, like eins Samaria og døtrene hennar; og med deg og døtrene dine skal det òg verta som før.

56. Tala du ikkje mykje om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig?

57. Det var før vondskapen din vart synleg. Men no har du vorte til spott og spe for Edoms døtrer og alle der ikring og for filistardøtrene, som hånar deg på alle kantar.

58. Di vanære og all din styggedom må du bera sjølv, lyder ordet frå Herren.

59. Ja, så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde eiden og braut pakta.

60. Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil skipa ei evig pakt med deg.

61. Du skal minnast di åtferd og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er større enn du, og dei som er mindre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg.

62. Når eg gjer mi pakt med deg, då skal du sanna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 16