Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:38-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Så dømer eg deg så som kvinner vert dømde for ekteskapsbrot og drap; i harme og brennande iver lèt eg deg verta drepen.

39. Eg gjev deg over til elskarane dine, og dei skal bryta ned lega di og øydeleggja tramane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr.

40. Så samlar dei ei folkemengd mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd.

41. Dei brenner husa dine og held dom over deg, medan mange kvinner står og ser på.Såleis gjer eg ende på di utukt, så du ikkje meir kan gje horeløn.

42. Eg stiller min harme på deg. Så vik min brennande iver frå deg; eg held meg i ro og er ikkje lenger harm.

43. Fordi du gløymde di ungdomstid og gjorde meg harm med alt dette, vil eg òg la deg få att for di åtferd, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting attåt all din styggedom?

44. Sjå, alle som brukar ordtak, skal ha dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.»

45. Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var ei hetittkvinne og far dykkar ein amoritt.

46. Den store syster di er Samaria, som bur med døtrene sine nord for deg. Og den vesle syster di er Sodoma, som bur med døtrene sine sør for deg.

47. Du bar deg ikkje åt berre som dei og fór med den same styggedomen, men etter ei kort tid bar du deg verre åt enn dei i alt du tok deg føre.

48. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde ikkje slikt som du og døtrene dine har gjort.

Les hele kapitlet Esekiel 16