Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:11-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på hendene og kjede om halsen.

12. Eg gav deg ring i nasen, øyreringar i øyro og ei fager krone på hovudet.

13. Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart strålande fager og skikka til å vera dronning.

14. Mellom folka gjekk det ord om din venleik; for han var fullkomen av di eg hadde pynta deg så fint, lyder ordet frå Herren Gud.

15. Men du kjende deg trygg på din venleik og dreiv hor, fordi du hadde slikt ry. Som horkvinne baud du deg fram til kvar og ein som gjekk framom, og han fekk deg.

16. Du tok nokre av kleda dine og la dei på haugane som fargerike teppe. Og der dreiv du hor, som det aldri har hendt og aldri vil henda.

17. Du tok smykka dine av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannfolkbilete, som du dreiv hor med.

18. Du tok dine fargerike klede og hadde på dei, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei.

19. Brødet som eg hadde gjeve deg, kveitemjølet, honningen og oljen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til godange, lyder ordet frå Herren Gud.

20. Sønene og døtrene dine, som du hadde født meg, tok du og ofra til mat åt dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor,

21. sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg, når du lét dei gå gjennom elden for bileta dine?

22. Og med all din styggedom og all di utukt kom du ikkje i hug di ungdomstid, då du var naken og berr og låg og sprala i ditt blod.

23. Så hende det etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –

24. at du laga deg ei lege eller ein tram på alle torg.

25. På kvart gatehjørne bygde du ein tram. Der gjorde du din venleik til styggedom, når du opna fanget for kvar mann som gjekk framom; og støtt dreiv du hor.

26. Du låg med egyptarane, dine kraftige grannar, og med all di utukt harma du meg.

27. Då rette eg ut handa mot deg og tok att det du skulle ha. Dine fiendar, filistardøtrene, som blygdest av di skjemdarferd, lét eg gjera med deg som dei ville.

28. Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde endå ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok.

Les hele kapitlet Esekiel 16