Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal til Jerusalem om alt det stygge byen har gjort,

3. og sei: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du har ditt opphav og di ætt frå Kanaanearlandet. Far din var ein amoritt og mor di ei hetittkvinne.

4. Då du kom til verda, gjekk det så til: Den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen; dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt og la deg ikkje i reivar.

5. Ingen hadde medynk med deg, så dei gjorde noko slikt med deg, fordi dei tykte synd i deg. Nei, dei kasta deg ut på marka, fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd.

6. Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva

7. og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.» Og du voks og vart stor, ja, du vart ei fager kvinne. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.

8. Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud.

9. Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje.

10. Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av delfinskinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke.

11. Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på hendene og kjede om halsen.

12. Eg gav deg ring i nasen, øyreringar i øyro og ei fager krone på hovudet.

13. Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart strålande fager og skikka til å vera dronning.

Les hele kapitlet Esekiel 16