Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 13:7-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Er det ikkje falske syner de har hatt og lygnspådomar de har tala? De seier då: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje eg som har tala.

8. Difor seier Herren Gud: Fordi orda dykkar er falske og synene lygn, difor kjem eg over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

9. Eg retter handa mot dei profetane som har falske syner og spår lygn. Når folket mitt held råd, skal dei ikkje vera med; i boka åt Israels-ætta skal dei ikkje skrivast opp, og til Israels land skal dei ikkje få koma. De skal sanna at eg er Herren Gud.

10. For de har sanneleg ført folket mitt vilt og forkynt fred, endå det ikkje er nokon fred. Når folket byggjer ein skiljevegg, då stryk dei kalk på han.

11. Sei til kalkstrykarane at veggen skal ramla ned. Det skal koma eit sterkt skyljeregn. Eg lèt haglsteinar falla og eit stormver bryta laus.

12. Når så veggen er fallen, vil dei nok seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»

13. Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg eit stormver bryta laus; i min vreide sender eg eit sterkt skyljeregn, og i min harme lèt eg haglsteinar øydeleggja.

14. Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, og jamnar han med jorda, så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de setja livet til der inne. Og de skal sanna at eg er Herren.

15. Eg lèt all min harme gå ut over veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som strauk kalk på han,

16. profetane i Israel som spådde om Jerusalem og hadde syner om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred,» lyder ordet frå Herren Gud.

17. Og du, menneske, vend deg mot dei kvinnene i folket ditt som spår ut frå sin eigen hug. Tal profetord mot dei

18. og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei kvinnene som syr bind til alle handleder og lagar slør til hovuda, alt etter kor store dei er, for å få folk i si makt. De driv jakt på menneskeliv i folket mitt og held menneske i live til eiga vinning.

19. De vanhelgar meg hjå folket mitt for nokre nevar bygg og nokre bitar brød, når de drep menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet åt andre som ikkje skulle leva. Såleis lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på lygn.

20. Difor seier Herren Gud: No vil eg ha tak i dei binda som de fangar menneske med, liksom ein fangar fuglar. Eg riv dei av armane dykkar og friar ut dei menneska de har fanga som fuglar.

Les hele kapitlet Esekiel 13