Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:27-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Av gullet gjorde Gideon ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin; der dyrka alle israelittane han som ein avgud. Og han vart til ei snare for Gideon og hans hus.

28. Såleis laut midjanittane bøya seg under israelittane, og dei vann ikkje reisa seg meir. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde.

29. Så fór Jerubba’al Joasjson heim att til garden sin og vart buande der.

30. Gideon hadde sytti søner som alle var hans eigne born; for han hadde mange koner.

31. Med fylgjekona si i Sikem fekk han òg ein son og kalla han Abimelek.

32. Gideon Joasjson døydde i høg alder og vart lagd i grava åt Joasj, far sin, i Ofra, heimstaden åt Abieser-ætta.

33. Då Gideon var borte, var israelittane atter trulause og heldt seg til Ba’al-gudane. Dei gjorde Ba’al-Berit til sin gud.

34. Israelittane tenkte ikkje på Herren sin Gud, som hadde berga dei frå alle fiendar rundt ikring.

35. Og dei gjorde ikkje vel mot ætta åt Jerubba’al, Gideon, for alt det gode han hadde gjort mot Israel.

Les hele kapitlet Dommarane 8