Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:20-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje; for han var berre ein unggut endå.

21. Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen.

22. Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din; for du har berga oss frå midjanittane.»

23. Men Gideon svara: «Ikkje vil eg rå over dykk og ikkje son min heller. Herren skal rå over dykk.»

24. Sidan sa Gideon til dei: «Eg har ei bøn til dykk: at de alle vil gje meg dei ringane de har vunne i krigen.» For midjanittane gjekk med gullringar; dei var ismaelittar.

25. Dei svara: «Det skal du så visst få.» Så breidde dei ut ei kappe, og på den kasta dei alle ringane dei hadde vunne i krigen.

26. Då han vog gullringane som han hadde bede om, var det eitt tusen sju hundre sekel gull, forutan halvmånane, øyreringane og purpurkleda som Midjan-kongane hadde hatt på seg, og lekkjene som kamelane deira hadde bore kring halsen.

27. Av gullet gjorde Gideon ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin; der dyrka alle israelittane han som ein avgud. Og han vart til ei snare for Gideon og hans hus.

28. Såleis laut midjanittane bøya seg under israelittane, og dei vann ikkje reisa seg meir. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde.

29. Så fór Jerubba’al Joasjson heim att til garden sin og vart buande der.

30. Gideon hadde sytti søner som alle var hans eigne born; for han hadde mange koner.

31. Med fylgjekona si i Sikem fekk han òg ein son og kalla han Abimelek.

32. Gideon Joasjson døydde i høg alder og vart lagd i grava åt Joasj, far sin, i Ofra, heimstaden åt Abieser-ætta.

Les hele kapitlet Dommarane 8