Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:10-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Sebah og Salmunna låg i Karkor med hærane sine, om lag femten tusen mann. Det var alt som var att av den store austmannahæren; hundre og tjue tusen våpenføre menn var falne.

11. Gideon fór oppetter Teltbuarvegen austanfor Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren.

12. Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei. Han tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange og skræmde heile hæren på flòg.

13. Då Gideon Joasjson vende heim att frå striden og kom oppetter Heres-bakken,

14. fekk han tak i ein ung gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.

15. Då han så kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine mat?»

16. Så greip han dei eldste i byen, og han tok villtornar og tistlar og tukta mennene i Sukkot med dei.

17. Borga i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.

18. Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg; begge såg ut som kongssøner.»

19. Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever: Hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.»

20. Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje; for han var berre ein unggut endå.

21. Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen.

22. Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din; for du har berga oss frå midjanittane.»

23. Men Gideon svara: «Ikkje vil eg rå over dykk og ikkje son min heller. Herren skal rå over dykk.»

24. Sidan sa Gideon til dei: «Eg har ei bøn til dykk: at de alle vil gje meg dei ringane de har vunne i krigen.» For midjanittane gjekk med gullringar; dei var ismaelittar.

25. Dei svara: «Det skal du så visst få.» Så breidde dei ut ei kappe, og på den kasta dei alle ringane dei hadde vunne i krigen.

26. Då han vog gullringane som han hadde bede om, var det eitt tusen sju hundre sekel gull, forutan halvmånane, øyreringane og purpurkleda som Midjan-kongane hadde hatt på seg, og lekkjene som kamelane deira hadde bore kring halsen.

27. Av gullet gjorde Gideon ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin; der dyrka alle israelittane han som ein avgud. Og han vart til ei snare for Gideon og hans hus.

28. Såleis laut midjanittane bøya seg under israelittane, og dei vann ikkje reisa seg meir. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde.

29. Så fór Jerubba’al Joasjson heim att til garden sin og vart buande der.

30. Gideon hadde sytti søner som alle var hans eigne born; for han hadde mange koner.

Les hele kapitlet Dommarane 8