Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mennene frå Efraim sa til Gideon: «Korleis er det du har fare åt mot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanittane?» Og dei gjekk hardt inn på han.

2. Men han sa til dei: «Kva har eg gjort som kan liknast med det de gjorde? Er ikkje etterraksteren åt Efraim betre enn avlinga åt Abieser?

3. Gud har gjeve midjanitthovdingane Oreb og Se’eb i dykkar hender. Kva har eg greitt å gjera som kan mæla seg med det?» Då han tala så, roa dei seg og var ikkje vonde på han lenger.

4. Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Og dei var trøytte, så hardt som dei hadde jaga fienden.

5. Då sa han til mennene i Sukkot: «Kjære, gjev folket som fylgjer meg, nokre brød; for dei er trøytte. Eg held på og jagar Sebah og Salmunna, kongane åt midjanittane.»

6. Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din mat?»

7. Då sa Gideon: «Godt, når Herren har gjeve Sebah og Salmunna i hendene mine, skal eg treskja dykk med villtornar og tistlar.»

8. Så fór han opp til Penuel og tala like eins til folket der. Men dei svara han på same vis som Sukkot-mennene hadde gjort.

9. Då sa han til dei òg: «Når eg kjem vel heim att, skal eg riva ned denne borga.»

10. Sebah og Salmunna låg i Karkor med hærane sine, om lag femten tusen mann. Det var alt som var att av den store austmannahæren; hundre og tjue tusen våpenføre menn var falne.

11. Gideon fór oppetter Teltbuarvegen austanfor Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren.

12. Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei. Han tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange og skræmde heile hæren på flòg.

13. Då Gideon Joasjson vende heim att frå striden og kom oppetter Heres-bakken,

14. fekk han tak i ein ung gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.

15. Då han så kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine mat?»

16. Så greip han dei eldste i byen, og han tok villtornar og tistlar og tukta mennene i Sukkot med dei.

Les hele kapitlet Dommarane 8