Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:33-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. No hadde alle midjanittane, amalekittane og andre folk i aust samla seg. Dei sette over Jordan og leira seg på Jisre’el-sletta.

34. Då kom Herrens Ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-ætta samla seg og fylgde han.

35. Så sende han bod ut i heile Manasse, og dei samla seg og fylgde han. Og til Asjer og Sebulon og Naftali sende han bod; dei òg kom og gav seg i lag med Manasse-mennene.

36. Då sa Gideon til Gud: «Er det så at du vil bruka meg til å berga Israel, som du har sagt,

37. så høyr: No legg eg denne nyklypte ulla på treskjevollen. Kjem det så dogg på ulla medan heile marka er turr, då veit eg at du vil bruka meg til å berga Israel, som du har sagt.»

38. Og så vart det. For då Gideon stod opp morgonen etter og klemde i hop ulla, vreid han så mykje dogg ut or henne at det vart ei heil skål full med vatn.

39. Då sa han til Gud: «Ver ikkje vond på meg om eg talar endå ein gong. Eg ville så gjerne få gjera ei prøve til med ulla. Lat ulla vera turr medan heile marka er dogga.»

40. Og natta etter gjorde Gud som han bad: Ulla heldt seg turr, men heile marka var doggvåt.

Les hele kapitlet Dommarane 6