Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.»

14. Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?»

15. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Korleis kan eg berga Israel? Ætta mi er den minste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset åt far min.»

16. Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane til siste mann.»

17. Gideon sa: «Har du godvilje for meg, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg.

18. Kjære, gå ikkje herifrå før eg kjem att med ei offergåve og legg henne fram for deg.» Herren svara: «Eg skal bia til du kjem att.»

19. Så gjekk Gideon inn og stelte til eit kje, tok ein efa mjøl og baka usyrt brød. Kjøtet la han i ei korg og soddet hadde han i ei krukke. Så bar han det ut til Guds engel under eika og sette det fram for han.

20. Då sa engelen til han: «Ta kjøtet og det usyrte brødet, legg det på dette berget og slå soddet utover!» Han gjorde det.

21. Så rette Herrens engel ut staven som han hadde i handa, og stakk borti kjøtet og det usyrte brødet. Då slo det eld opp or berget og øydde kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for augo hans.

22. Då Gideon skjøna at det var Herrens engel han hadde sett, ropa han: «Å, Herre Gud, eg har sett Herrens engel åsyn til åsyn!»

23. Men Herren sa til han: «Fred vere med deg! Ver ikkje redd, du skal ikkje døy!»

Les hele kapitlet Dommarane 6