Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:12-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og Herrens engel synte seg for han og sa: «Herren er med deg, du djerve kjempe.»

13. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.»

14. Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?»

15. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Korleis kan eg berga Israel? Ætta mi er den minste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset åt far min.»

16. Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane til siste mann.»

17. Gideon sa: «Har du godvilje for meg, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg.

18. Kjære, gå ikkje herifrå før eg kjem att med ei offergåve og legg henne fram for deg.» Herren svara: «Eg skal bia til du kjem att.»

19. Så gjekk Gideon inn og stelte til eit kje, tok ein efa mjøl og baka usyrt brød. Kjøtet la han i ei korg og soddet hadde han i ei krukke. Så bar han det ut til Guds engel under eika og sette det fram for han.

20. Då sa engelen til han: «Ta kjøtet og det usyrte brødet, legg det på dette berget og slå soddet utover!» Han gjorde det.

21. Så rette Herrens engel ut staven som han hadde i handa, og stakk borti kjøtet og det usyrte brødet. Då slo det eld opp or berget og øydde kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for augo hans.

22. Då Gideon skjøna at det var Herrens engel han hadde sett, ropa han: «Å, Herre Gud, eg har sett Herrens engel åsyn til åsyn!»

23. Men Herren sa til han: «Fred vere med deg! Ver ikkje redd, du skal ikkje døy!»

24. Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det «Herren er fred». Den dag i dag står det altaret i Ofra, som høyrer Abieser-ætta til.

25. Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ein av oksane åt far din og ein annan okse, som er sju år gamal! Riv ned Ba’al-altaret åt far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det.

26. Så skal du byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festningsborga og leggja alt til rettes. Ta så den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen, som du har hogge ned.»

27. Gideon tok med seg ti av trælane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han torde ikkje gjera det om dagen; han var redd folket sitt og mennene i byen; difor gjorde han det om natta.

28. Då mennene i byen stod opp om morgonen, fekk dei sjå at Ba’al-altaret var nedrive, og at Asjera-pålen som stod der, var felt, og at oksen var ofra på det nybygde altaret.

29. Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei spurde seg føre og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.

30. Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy fordi han har rive ned Ba’al-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.»

31. Men Joasj sa til alle dei som stod kringom han: «Vil de strida for Ba’al? Vil de hjelpa han? Den som strider for Ba’al, skal lata livet før det ljosnar av dag. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv, sidan dei har rive ned altaret hans.»

Les hele kapitlet Dommarane 6