Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens augo. Då gav han dei i hendene på midjanittane, og i sju år

2. hadde dei makta over Israel. Til vern mot Midjan stelte israelittane til dei gøymestadene som finst oppi fjella, både holer og fjellborger.

3. Kvar gong israelittane hadde sått, kom midjanittane og amalekittane og andre folk i aust og tok på dei.

4. Dei leira seg midt imot dei og øydde grøda i landet heilt bort til Gasa. Dei leivde ikkje eit matagrann i Israel, og ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel.

5. Dei kom dragande med buskap og telt så tett som grashopper. Det var ikkje tal på dei og kamelane deira, og kvar dei kom, la dei landet i øyde.

6. Israel vart reint utarma av herjingane deira, og israelittane ropa til Herren.

7. Då dei ropa til Herren fordi midjanittane plaga dei,

8. sende Herren ein profet til dei, og han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt; eg henta dykk ut or trælehuset.

9. Eg fria dykk frå egyptarane og frå alle som var harde med dykk; eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira.

10. Og eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje ottast gudane åt amorittane, som åtte det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg.

11. Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, der Joasj av Abieser-ætta rådde. Gideon, son til Joasj, stod og treskte noko kveite i vinpressa, så han kunne berga kornet frå midjanittane.

12. Og Herrens engel synte seg for han og sa: «Herren er med deg, du djerve kjempe.»

13. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.»

14. Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?»

Les hele kapitlet Dommarane 6