Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 5:19-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Kongar kom og stridde,ja, Kanaans kongar striddeved Ta’anak, ¬attmed Megiddo-bekken;men dei tok ikkje sølv ¬til hærfang.

20. Stjernene stridde ¬frå himmelen,frå sine baner ¬stridde dei mot Sisera.

21. Kisjon-bekken ¬reiv fienden bort,den eldgamle Kisjon-bekken.Skrid fram, mi sjel, med kraft!

22. Hardt slo hovane i marka,hestane fór i strykande tan.

23. «Forbanna Meros!» ¬sa Herrens engel.«Forbanna, ja forbanna ¬dei som bur der!For dei kom ikkje Herren ¬til hjelp,dei kom ikkje Herren til hjelp ¬med stridsmenn!»

24. Velsigna framom andre kvinner ¬vere Jael,kona til kenitten Heber.Velsigna vere hoframom alle kvinner ¬som bur i telt.

25. Sisera bad om vatn;ho gav han mjølk,rjome baud ho han ¬i ei storfelt skål.

26. Med venstre handa ¬treiv ho ein teltplugg,med den høgre ein hamar!Så slo ho til Sisera ¬og knuste hans hovud,dreiv pluggen inn ¬og kløyvde hans skalle.

27. For føtene hennar seig han ned,han stupte og vart liggjande.For føtene hennar seig han ned,og der han seig ned, låg han felt.

28. Mor til Sisera ¬ser ut gjennom glaset;ho stirer ut gjennom gluggen ¬og ropar:«Kva ventar vogna hans etter?Kvi dryer tråvarane hans?»

29. Dei klokaste fruene hennar ¬svarar,og ho tek det opp att ¬gong på gong:

30. «Visst finn dei hærfang å skifta:Ei jente eller to til manns,hærfang av fargerikt ty ¬til Sisera,hærfang av fargerikt ty,eit klede eller to ¬med gilde fargar,til å ha om halsen.»

31. Såleis skal dei gå til grunne,alle dine fiendar, Herre.Men dei som elskar deg,skal vera som solanår ho renn i sitt velde. Sidan hadde landet fred i førti år.

Les hele kapitlet Dommarane 5