Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 3:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att, og som han ville bruka til å setja Israel på prøve, alle som ikkje hadde vore med i nokon av krigane om Kanaan.

2. Han gjorde det berre for å læra dei komande Israels-ættene korleis dei skulle strida, sidan dei ikkje hadde vore med før:

3. Det var dei fem filistarfyrstane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde på Libanon-fjella, frå Ba’al-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.

4. Dei var det Israel skulle prøvast med, så det kunne syna seg om dei ville lyda dei bod som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.

5. Så budde no israelittane midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane.

6. Dei tok døtrene deira til koner og gav døtrene sine til sønene deira og dyrka gudane deira.

7. Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens augo. Dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta.

8. Då vart Herren brennande harm på israelittane. Han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Mesopotamia, og dei laut tena han i åtte år.

9. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein bergingsmann stå fram i Israel og fria dei ut. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.

10. Herrens Ande kom over han, og han vart domar i Israel. Han drog ut i striden, og Herren gav kongen i Mesopotamia, Kusjan-Risjatajim, i hendene hans, så han vann over han.

11. Sidan hadde landet fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas.

12. Israelittane heldt fram med å gjera det som vondt var i Herrens augo. Då gav Herren Eglon, kongen i Moab, makt over dei, fordi dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

Les hele kapitlet Dommarane 3