Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 21:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Israels-lyden sende då tolv tusen stridsmenn dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead, kvinner og born òg.

11. Høyr no kva de skal gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de bannstøyta.»

12. Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre ungmøyar som ikkje hadde tilhøyrt eller lege med menn. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.

13. Så sende heile lyden bod til dei Benjamins-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred.

14. Då kom Benjamins-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene som dei hadde spart av Jabesj-folket i Gilead. Men det vart ikkje nok til dei.

15. Folket syrgde endå over Benjamin; for Herren hadde hogge eit skar i Israels-folket.

16. Då sa dei eldste i lyden: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamins-ætta er utrudde?»

17. Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ei heil ætt av Israel går til grunne?

18. Men vi kan ikkje gje dei av døtrene våre.» For israelittane hadde svore og sagt: «Forbanna vere den som gjev dotter si til ein mann i Benjamin!»

19. «Men høyr no,» sa dei. «År om anna held dei ei høgtid for Herren i Sjilo.» Sjilo ligg nord for Betel, aust for den storvegen som går frå Betel til Sikem, og sør for Lebona.

20. «Far dit,» sa dei til Benjamins-mennene, «og legg dykk på lur i vingardane!

21. Når de då ser at ungmøyane i Sjilo kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vingardane og rana dykk kvar si brur mellom Sjilo-møyane, og så fara heim att til Benjamins-landet.

22. Og når fedrane deira eller brørne deira kjem og klagar på dykk, skal de seia til dei: Kjære, unn oss desse møyane! For det er ikkje i strid vi har teke kvar si kone. Og de har ikkje gjeve oss dei; elles hadde det no kvilt skuld på dykk.»

Les hele kapitlet Dommarane 21