Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:5-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til den unge kona sa til verson sin: «Få deg fyrst ein bete mat å styrkja deg på, så kan de fara.»

6. Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Og far til den unge kona sa til mannen: «Kjære, gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»

7. Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde verfaren han, så han gav seg og vart der om natta.

8. Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Kjære, få deg fyrst litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to.

9. Sidan ferda mannen seg til og ville fara med fylgjekona si og tenestguten. Men verfaren sa til han: «No lid det alt til kvelds og dagen hallar. Ver her i natt og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.»

10. Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og fór frametter til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og fylgjekona var med han.

11. Då dei kom bort imot Jebus, leid det langt på dag, og tenestguten sa til husbonden sin: «Kom, lat oss ta inn i jebusittbyen og vera der om natta!»

12. Men husbonden svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.

13. Kom,» sa han til tenestguten, «lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane!»

14. Så heldt dei fram, og då sola gladde, var dei tett ved Gibea i Benjamins-landet.

15. Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus for natta.

16. Ut på kvelden kom det ein gamal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraims-fjella, men budde i Gibea. Elles høyrde folket der på staden Benjamins-ætta til.

17. Då den gamle mannen såg opp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du frå?»

18. Hin svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraims-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på heimveg. Men her er det ingen som vil hysa meg.

19. Vi har både halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og kvinna og tenestguten som tenaren din har med seg. Vi vantar ingen ting.»

20. Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»

21. Så fylgde han den framande inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Og då dei hadde vaska føtene sine, sette dei seg til bords.

22. Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!»

Les hele kapitlet Dommarane 19