Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:20-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»

21. Så fylgde han den framande inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Og då dei hadde vaska føtene sine, sette dei seg til bords.

22. Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!»

23. Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje så stygg ei gjerning!

24. Sjå, her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lyster. Men denne mannen må de ikkje fara så stygt med.»

25. Men karane ville ikkje høyra på han. Då tok den framande fylgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og fór ille med henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å ljosna.

26. I dagrenninga kom kona, og ho seig i hop framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var ljost.

27. Då husbonden hennar stod opp om morgonen og lét opp døra og gjekk ut, ville fara sin veg, då låg fylgjekona hans framfor husdøra med hendene på dørstokken.

28. Han sa til henne: «Reis deg opp, og lat oss fara i veg!» Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne opp på eselet, tok ut og fór til si bygd.

29. Då han kom heim, treiv han ein kniv, tok fylgjekona si og lema henne sund i tolv luter. Og dei sende han kring i heile Israels-riket.

Les hele kapitlet Dommarane 19