Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:13-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Kom,» sa han til tenestguten, «lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane!»

14. Så heldt dei fram, og då sola gladde, var dei tett ved Gibea i Benjamins-landet.

15. Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus for natta.

16. Ut på kvelden kom det ein gamal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraims-fjella, men budde i Gibea. Elles høyrde folket der på staden Benjamins-ætta til.

17. Då den gamle mannen såg opp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du frå?»

18. Hin svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraims-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på heimveg. Men her er det ingen som vil hysa meg.

19. Vi har både halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og kvinna og tenestguten som tenaren din har med seg. Vi vantar ingen ting.»

20. Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»

21. Så fylgde han den framande inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Og då dei hadde vaska føtene sine, sette dei seg til bords.

22. Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!»

23. Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje så stygg ei gjerning!

24. Sjå, her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lyster. Men denne mannen må de ikkje fara så stygt med.»

25. Men karane ville ikkje høyra på han. Då tok den framande fylgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og fór ille med henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å ljosna.

26. I dagrenninga kom kona, og ho seig i hop framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var ljost.

Les hele kapitlet Dommarane 19