Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I den tida då dei endå ikkje hadde nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætta som heldt til lengst bortpå Efraims-fjella. Han tok seg ei fylgjekone frå Betlehem i Juda.

2. Men kona var utru mot han og fór ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader,

3. kom mannen etter. Han ville tala vel med henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenestguten sin og eit par esel. Den unge kona leidde han inn i huset åt far sin, og då faren såg han, vart han glad og tok vel imot han.

4. Verfar hans, far til den unge kona, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og han fekk vera der om natta.

5. Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til den unge kona sa til verson sin: «Få deg fyrst ein bete mat å styrkja deg på, så kan de fara.»

6. Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Og far til den unge kona sa til mannen: «Kjære, gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»

7. Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde verfaren han, så han gav seg og vart der om natta.

8. Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Kjære, få deg fyrst litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to.

9. Sidan ferda mannen seg til og ville fara med fylgjekona si og tenestguten. Men verfaren sa til han: «No lid det alt til kvelds og dagen hallar. Ver her i natt og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.»

10. Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og fór frametter til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og fylgjekona var med han.

Les hele kapitlet Dommarane 19