Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 18:8-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då mennene kom heim att, spurde frendane deira i Sora og Esjta’ol: «Kva tidender kjem de med?»

9. Dei svara: «Kom, lat oss fara opp og ta på dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å fara til det landet og leggja det under dykk!

10. Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje reddast nokon fare, og landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»

11. Så fór dei i vegen, seks hundre fullvæpna menn av Dans-ætta, frå Sora og Esjta’ol.

12. Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dans-leiren heilt til denne dag. Han ligg vestanfor Kirjat-Jearim.

13. Derifrå fór dei over Efraims-fjella og kom til huset hans Mika.

14. Då tok dei til ords, dei fem mennene som hadde vore og speida i Lajisj-bygdene, og sa til frendane sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre husgudar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»

15. Så tok dei vegen dit og kom til huset hans Mika, der den unge levitten budde, og dei helsa på han.

16. Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dans-ætta vart ståande i porten,

17. gjekk dei fem mennene som hadde vore på speiding der i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok med seg det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.

18. Då dei fem gjekk inn i huset hans Mika og tok det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet, sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»

19. «Tei stilt!» svara dei. «Ikkje eit ord! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje mykje betre for deg å vera prest for ei ættgrein og ætt i Israel enn for ein huslyd?»

20. Dette tykte presten vel om. Han tok efoden, husgudane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken.

21. Så snudde dei og fór av garde. Og borna, buskapen og eignelutene sine hadde dei fremst i ferda.

22. Dei var alt komne langt ifrå huset hans Mika før mennene i grannelaget fekk samla seg. Då dei nådde dei att

23. og ropa på dei, snudde Dans-folka seg og sa til Mika: «Kva er tids, sidan du har samla folka dine?»

Les hele kapitlet Dommarane 18