Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 18:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Dei var alt komne langt ifrå huset hans Mika før mennene i grannelaget fekk samla seg. Då dei nådde dei att

23. og ropa på dei, snudde Dans-folka seg og sa til Mika: «Kva er tids, sidan du har samla folka dine?»

24. Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva som er tids!»

25. Då sa dei til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne bråhuga karar ryka på dykk og drepa både deg og dine.»

26. Så fór dei sin veg, Dans-folka. Og då Mika såg at dei var han for sterke, snudde han om og fór heim att.

27. Då Dans-folka hadde teke gudane som Mika hadde laga, og presten som var hjå han, drog dei mot Lajisj, mot eit folk som levde i fred og ro og ikkje reddast nokon fare. Folket hogg dei ned med sverd, og byen brende dei.

28. Det var ingen som hjelpte; for dei budde langt frå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Byen låg i den dalen som høyrer Bet-Rehob til. Dans-folka bygde han opp att og busette seg der.

29. Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son til Israel. Før heitte han Lajisj.

30. Der sette dei opp det utskorne gudebiletet, og Jonatan, son til Gersjom, som var son til Moses, og etterkomarane hans var prestar for Dans-ætta heilt til den dagen då folket vart bortført frå landet.

31. Det utskorne gudebiletet som Mika hadde laga, vart ståande hjå dei så lenge Guds hus var i Sjilo.

Les hele kapitlet Dommarane 18