Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 18:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I den tida fanst det ingen konge i Israel. Og med Dans-ætta hadde det seg så at dei leita etter eit odelsland som dei kunne busetja seg i. For dei hadde endå ikkje fått nokon lut av det landet som fall på Israels-ættene.

2. Folket i Dans-ætta sende då ut fem mann av si ætt, djerve karar frå Sora og Esjta’ol. Dei skulle fara gjennom landet og gjera seg kjende med det. Og dei sa til dei: «Ta ut og sjå dykk vel om i landet!»Mennene kom til huset hans Mika i Efraims-fjella, og der vart dei om natta.

3. For då dei fór frammed huset hans, kjende dei att røysta til den unge levitten. Så tok dei av frå vegen og spurde han: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis har du det?»

4. Så fortalde han dei kva Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste,» sa han; «eg er prest hjå han.»

5. Då sa dei til han: «Kjære, spør Gud for oss, så vi får vita om ho skal lukkast, den ferda vi er ute på.»

6. Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auga med dykk på ferda.»

7. Så fór dei sin veg, dei fem mennene, og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sutlaust på same vis som sidonarane: roleg og sutlaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.

8. Då mennene kom heim att, spurde frendane deira i Sora og Esjta’ol: «Kva tidender kjem de med?»

9. Dei svara: «Kom, lat oss fara opp og ta på dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å fara til det landet og leggja det under dykk!

10. Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje reddast nokon fare, og landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»

11. Så fór dei i vegen, seks hundre fullvæpna menn av Dans-ætta, frå Sora og Esjta’ol.

12. Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dans-leiren heilt til denne dag. Han ligg vestanfor Kirjat-Jearim.

13. Derifrå fór dei over Efraims-fjella og kom til huset hans Mika.

14. Då tok dei til ords, dei fem mennene som hadde vore og speida i Lajisj-bygdene, og sa til frendane sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre husgudar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»

15. Så tok dei vegen dit og kom til huset hans Mika, der den unge levitten budde, og dei helsa på han.

Les hele kapitlet Dommarane 18