Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 14:11-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Og så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han.

12. Ein dag sa Samson til dei: «Eg har ei gåte til dykk. Løyser de henne for meg innan dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti fine skjorter og tretti festkledningar.

13. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

14. Då sa han:«Av ein etar kom etande,av den sterke kom søtt.»Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.

15. Den fjerde dagen sa dei til brura: «No må du lokka mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å arma oss ut at du har bede oss hit?»

16. Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du held ikkje av meg,» sa ho. «Du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje sagt meg korleis ho skal løysast.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far min og mor mi, skulle eg så seia det til deg!»

17. Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane gjestebodet varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, av di ho plaga han så. Så løyste ho gåta for landsmennene sine.

18. Og før sola gladde den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han:«Kva er søtare enn honning,kva er sterkare enn løva?»Samson svara:«Hadde de ikkje pløgt ¬med mi kvige,hadde de ikkje løyst mi gåte.»

19. Då kom Herrens Ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til høgtidsklede. Og harm som han var, fór han heim att til far sin.

20. Men kona hans vart gjeven til den av bruresveinane som hadde vore brureførar.

Les hele kapitlet Dommarane 14