Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 12:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han då nei,

6. sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Men sa han «sibbolet», fordi han ikkje kunne seia ordet rett, så greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraims-ætta.

7. Jefta frå Gilead var domar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.

8. Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.

9. Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti sonekoner henta han heim. Han styrte Israel i sju år.

10. Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.

11. Etter han vart Elon frå Sebulon domar i Israel. Han styrte Israel i ti år.

12. Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulons-landet.

Les hele kapitlet Dommarane 12