Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 12:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mennene i Efraim samla seg til strid og drog nordetter. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville strida mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset du bur i.»

2. Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei.

3. Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk imot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no farande og vil slåst med meg?»

4. Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er rømingar frå Efraim, de Gilead-folk. De høyrer heime i Efraim, men bur i Manasse.»

Les hele kapitlet Dommarane 12